nordr

Det blir 3 i staden for 4 blokker på Lerum Brygge

2021-02-16
Som sikkert fleire av dykk kjenner til har vi i det siste arbeida med å få endra utbygginga ved Lerum Brygge frå 4 til 3 blokker, noko som har medført at vi har søkt om endring av reguleringsplanen slik at denne gjev høve til slik utbygging.

Det var ikkje overraskande, men likevel særs kjekt at vi no har fått godkjent denne reguleringsendringa. Sjølv med 4 blokker hadde det vorte ei fin utbygging, men med 3 blokker vil det bli romslegare uteareal og betre utsikts og soltilhøve til fleire av leilegheitene. Vi i prosjektadministrasjonen set stor pris på at vi har fått godkjent denne endringa, vi ser verkeleg fram til utvikling av prosjektet vidare!

Parallelt med at vi har arbeida med endring av reguleringsplanen har vi også arbeida med utvikling av Blokk B som neste byggetrinn. Vi har ei målsetting om at vi kan ha salsstart av denne blokka i mars/april månad. I form, arkitektur og leilegheitsfordeling vil denne blokka være om lag som Blokk A. Vi merkar stor interesse også for denne blokka og ser fram til å komme videre i prosessen med denne.

Vi kan elles opplyse om særs god framdrift på blokk A. Sjølv om det i det siste har vore ein vinter med mykje kulde, har entreprenøren likevel ein framdrift på byggeplassen slik som planlagt. Betongarbeida for garasjeanlegget samt dekket som dannar golvet til 1. bustadetasje er i stor grad ferdig stilt. I desse dagar startar arbeida med dekket over 1. bustadetasje som dannar golvet til 2. bustadetasje.  Det er kjekt å sjå den fine utsikten som vi får når vi går på dekket som er støypt!

Det er også kjekt å sjå at brua over Sogndals elvi er komen på plass, tilbakemelding frå kommunen er at dei vonar å kunna opna denne no til våren.

Vi vonar at de også ser fram til neste byggesteg og at vi sjåast og høyrer frå dykk.

Det skal bli godt å leva og bu på Lerum Brygge!