nordr

Lerum Brygge skal bli så mykje meir enn ein plass å bu

2020-03-11
Leif Henning Øyre er prosjektleiaren med lokal forankring, som brenn for å gjere Lerum Brygge til noko unikt.

Øyre vil at Lerum Brygge skal gi noko til Sogndal. Ikkje berre til dei som vil bu her, men alle som vil nytte området til å finne ro, nyte fjorden og møte menneske.

– Tenk om naboane møtast over ein kaffikopp sittande på brygga ved fjorden og finn ut at dei vil på tur neste dag. Har dei ikkje bil sjølve, kan dei med ein bil frå bilpoolen me ønskjer å få til, dra i lag. Hadde ikkje det vore bra?, spør Leif Henning Øyre.

Han ynskjer å skape aktivitet og fellesskap ut av byggeprosjektet. Det er lagt opp areal for næring i første etasje, så tanken er at det skal komme ein kafé eller serveringsplass.

– Forbipasserande kan stoppe opp og møte dei som bur her. Dette gjer at Lerum Brygge kan tilføre Fjordstien noko, og Fjordstien tilfører Lerum brygge noko. Det er slik eg ynskjer å tenke om prosjektet, at det skal vere så mykje meir enn ein plass å bu, fortel Øyre.

– Folk skal få eit godt liv her, legg han til.

Leif Henning Øyre er født i Sogn, men har budd mange år i Bergen. Nå er han komen heim og skal prosjektleie Lerum Brygge.

Bygdeutvikling for framtida

Øyre har budd og arbeida med bustadutvikling i Bergen i lang tid. Han flytta for nokre år sidan tilbake til nytt arbeid i Sogndal. Då førespurnaden kom om å arbeida som prosjektleiar for Lerum Brygge, var det ikkje vanskeleg å ta i mot denne.

– Det var veldig viktig for oss å finne ein prosjektleiar med lokal forankring, så me er glad han sa ja. Dette er god bygdeutvikling, med eit nytt vindauge ut mot fjorden som representerer mykje framtid, samtidig som tomten har ei interessant fortid og historie. Det er mykje lokalt engasjement her. Då er det godt å vite at Leif Henning er oppteken av desse verdiane, seier styremedlem og investor Gerd Kjellaug Berge.

“Det er mange «Lerum Brygge»-prosjekt i Bergen. I Sogndal er det berre eit.”


Berge trur fagkunnskapen og entusiasmen til Øyre er det dei treng. Og Øyre sjølv synast det er spennande å få være med og utvikle Lerum Brygge.

– Det er dyktige, lokale aktørar involvert og fin arkitektur i nærområdet. Fjordstien og den kommande brua over Sogndalselvi gjer denne tomta nydeleg. Det blir kort veg til butikk og kan gi eit bilfritt tilvære. Mykje ligg til rette for å byggje eit særs godt bustadområde for alle aldersgrupper.

Og Øyre veit kva han snakkar om. Erfaringa frå Bergen inkluderer prosjekt av same art og størrelse, men som Øyre sjølv seier:

– Det er mange «Lerum Brygge»-prosjekt i Bergen. I Sogndal er det berre eit.